Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vera i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.
Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:
- Eit menneske som lyttar til det du vil fortelja
- Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
- Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
- Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar
Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdera kva som skal til for at du skal vera trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytta deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finna ein stad å bu for deg.
http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gir informasjon om kor lite du skal finne deg i.
Familievernkontoret gjev tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.
Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirka at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gje hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom støtta ikkje nyttar.
SLT er ein samordningsmodell for Lokale, førebyggjande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrde og målretta. Modellen skal syta for å koordinera kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Døme på særskilde behov kan vera:
- Språk- og talevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Åtferdsvanskar
- Syn- og høyrslevanskar
- Generelle lære- eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- matematikkvanskar
- Nonverbale lærevanskar
PP-tenesta kan gje foreldrerettleiing, og rettleiing til tilsette i barnehage og skule.
Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 20 år. Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.
Hos helsesjukepleiar kan du spørja og snakka om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp. Skulehelsetenesta tilbyr også:
- Skulestartundersøking (i 1. trinn på barneskulen)
- Undervisning i grupper og klassar om blant anna fysisk, psykisk og seksuell helse
- Helsesamtale i 8. trinn
- Veging og måling
- Vaksinering
https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/skolehelsetjenesten/
Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seia at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller koma innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.