Når born og unge treng hjelp

Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Etne. Dersom du møter utfordringar du ikkje veit korleis du skal handtera, er det ekstra viktig å bli sett og møtt av andre som kan vera ei støtte for deg. Det kan vera ein ven, forelder, nabo eller trenar. Tilsette som arbeider i barnehagen, skulen, helsetenesta eller andre hjelpetenester har eit særleg ansvar for å sikra at du får den hjelpa du treng.
I dette arbeidet bruker me Bli Z-modellen.

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!

NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 112 eller Barnevernstenesta 97 55 21 63