Bli Z samhandlingsmodell er utvikla for å synleggjera kor viktig det er at alle barn og unge har nokon som ser dei og kan hjelpa dei om dei har det vanskeleg. Det kan vera ein ven, forelder, nabo, personale i barnehagen eller skulen, trenaren, helsesjukepleiar eller anna hjelpepersonell. Modellen byggjer på den nasjonale satsinga for Betre Tverrfagleg innsats (BTI), med lokale tilpassingar for Etne kommune.
Gjennom Bli Z samhandlingsmodell skal oppvekst, helse og andre hjelpetenester bli endå betre på å samarbeida med barn og ungdom med føresette. Målgruppa er frå minus 9 mnd. til 24 år. For å få dette til samarbeider ein på tre ulike nivå i kommunen.