Bakgrunn for Bli Z samhandlingsmodell

 

 

Bli Z samhandlingsmodell

Bli Z samhandlingsmodell

Bli Z samhandlingsmodell er utvikla for å synleggjera kor viktig det er at alle born og unge har nokon som ser dei og kan hjelpa dei om dei har det vanskeleg. Det kan vera ein ven, forelder, nabo, personale i barnehagen eller skulen, trenaren, helsesøster eller anna hjelpepersonell.

Modellen byggje på den nasjonale satsinga for Betre Tverrfagleg innsats (BTI), med lokale tilpassingar for Etne kommune. Bli Z Samhandlingsmodell forklarar den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, born, unge og familiar som det er knytt ei uro til. Modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Tidleg innsats handlar om å førebyggja meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handla om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdaga vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ ungdommen/ familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skapar utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har difor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgja dei opp. Hjelpetiltaka ein set  i verk skal fokusera på å styrkja beskyttande faktorar og redusera risikofaktorar rundt barnet/ ungdommen/familien.

Samordna tenester handlar om å betra samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (t.d. helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (t.d. helseteneste, PPT, barnevern, tenester for ungdom, SLT-koordinator) i fellesskap skal hjelpa born/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur skal Bli Z-modellen bidra til styrkt samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølgjinga.

Foreldreinvolvering handlar om at Bli Z-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vera ein del av løysinga på eit problem. Det blir difor lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/ tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvera kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine born.

Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreiar seg om å respektera det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne born. Det faglege dreiar seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena i det førebyggjande arbeidet med born og unge.

I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.

Vanskar knytte til fysisk og psykisk skulemiljø (kap 9a-saker)

I arbeid med kap 9a-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.

Grunnmodell

Bli Z består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.

Grunnmodellen i Bli Z forklarar korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire ulike nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Nivå 0: Her avklarar ein om det er grunnlag for uroa

Nivå 1: Omtalar tiltak innafor kvar einskild teneste

Nivå 2: Omtalar eit einskild tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester

Nivå 3: Omtalar eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinera den tverrfaglege samhandlinga og dokumentera arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.

Handlingsrettleiaren (Bli Z-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der ein er uroleg for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane ein skal nytta seg av i arbeidet med born og unge, både innanfor kvar einskild teneste og mellom tenestene.

Verktøya er dei konkrete hjelpemidla ein kan og bør nytta i det daglege arbeidet med Bli Z-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i prosessen; heilt frå fasen der ein oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Me snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis ein samtalar med born og unge til mal for korleis ein kallar inn og gjennomfører møte.

Kompetansen

Ein føresetnad for at me kan bruka Bli Z-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Me snakkar då om to typar kompetanse:

Kompetanse til å forstå og bruka samarbeidsstrukturane i modellen.

Kompetanse til å utføra oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at me må ha evner til å oppdaga barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og me må vera i stand til å gjera oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.