Korleis nytta Bli Z-rettleiaren
Start
Rettleiaren for Bli Z er eit verktøy som skal gjera det enkelt å handla i tråd med Bli Z-modellen. På første sida har ein fult oversyn over alle nivå og steg. Alle punkta i oversyna er interaktive og leiar til utfyllande informasjon til det spesifikke punktet.
Om du har starta rettleiaren for første gong, er det naturleg å starta på nivå 0, steg 1.
Navigering
Oppe til venstre finn du navigeringsverktøyet
Øvst i navigeringsverktøyet finn ein ei talrekkje frå 0 – 3. Dette viser til nivåa i Bli Z. Nivået du er i, er utheva og ein kan enkelt navigera seg mellom nivåa ved å klikka på ønskt tal.
Du finn ei forenkla forklaring på nivået under tala. Du ser berre forklaringa for det gjeldande nivået.
Stega er teikna opp vertikalt frå 1 – 5 med det gjeldande steget utheva. Alle tala er interaktive og kan nyttast til å raskt navigera seg gjennom rettleiaren.
Ei forenkla forklaring av stega er plassert til høgre for tala for å gjera prosessen i Bli Z tydelegare.
Hovudinnhaldet finn du midt på sida
Kvart steg skal raskt oppfattast og forståast. Her finn du ei forenkla forklaring til kva du skal gjera på det gjeldande nivået. Alle utheva ord vil føra deg inn til ytterlege informasjon.
Er det likevel naudsynt med ytterlegare informasjon, er det tilgjengeleg nedst på kvart steg i heile rettleiaren.
Tilhøyrande skjema og verkty til høgre
Alle dokument og skjema som er relevant for gjeldande steg, er tilgjengelege på høgre sida.