Bli Z-rettleiaren er eit verktøy som skal gjera det enkelt å handla i tråd med Bli Z-modellen. Modellen er delt inn i nivå 0, 1, 2 og 3 – og kvart nivå er delt inn i fem steg.
Rettleiar oversyn
Første side i rettleiaren viser oversyn over modellen. Øvst finn du ei kortfatta forklaring til kvart nivå. Under finn du stega. Oversynet er interaktivt slik at du enkelt kan navigera til aktuelt nivå eller steg.
Rettleiaren
Når du skal nytta Bli-rettleiaren for å finna ut om eit barn eller ein ungdom treng hjelp, er det naturleg å starta på nivå 0 steg 1. Deretter fylgjer du stega vidare til saka kan avsluttast.
Navigering - nivå
Øvst på sida: Her navigerer du mellom dei ulike nivåa.
Navigering - steg
Til venstre på sida: Her navigerer du mellom dei ulike stega i kvart nivå
Hovudinnhald
Midt på sida: Her er hovudinnhaldet som beskriv kva du skal gjera på det gjeldande steget.
Tilhøyrande verktøy
Til høgre på sida: Her finn du eit utval verktøy, det vil seia relevante dokument og skjema for det gjeldande steget. Du finn også ein knapp som fører til alle verktøy som er knytt til rettleiaren.