Bli z logo Korleis gå fram om du er uroleg for eit barn, ein ungdom eller ein familie?

I Etne kommune tek me uro som gjeld born og unge alvorleg. Er du uroleg for eit barn, ein ungdom eller ein familie kan du få hjelp til korleis du skal gå fram av tilsette i kommunen. Ved at du tek kontakt, kan du bidra til at den/dei det gjeld får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Me vil gjerne at du kontaktar helsestasjon/skulehelsetenesta ved å ringe 53758108.
Du kan også be om at me kontaktar deg ved å sende sms til 48892022 eller mail elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no

Du kan drøfta det du er uroleg for anonymt med PPT (53655710) og Barnevernet (90246359). Du kan også snakke med nokon på alarmtelefonen for born og unge tlf: 116111. Les meir om alarmtelefonen for born og unge.

Les meir om Uro for barn og unge.

Les meir om Tenester for born, ungdom og familiar i Etne kommune.