Kommunale tenester for barn, ungdom og familiar i Etne kommune

Helsestasjon- skulehelseteneste

Kontaktinformasjon

Opningstid: kl. 09.00-15.00

Telefon: 53758108

Besøksadresse: Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

 

Omtale

Det er to helsestasjonar i Etne kommune, i Etne og i Skånevik. Helsestasjonen og skulehelsetenesta har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 20+ år. Me jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss om det er noko du tenkjer på. NB! Sjuke barn skal ikkje takast med på helsestasjonen. Kontakt då lege dersom behov.

For meir informasjon om helsestasjon-skulehelseteneste.

 

Psykisk helse- og rusteneste

Kontaktinformasjon

Opningstid:  kl 09.00-15.00

Telefon: 53758000

Besøksadresse: Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Omtale

Psykisk helse- og rustenesta i Etne kommune er et helsetilbod til alle innbyggjarane i Etne kommune.Tenesta er eit lavterskeltibod der ein kan ta direkte kontakt eller bli henvist frå lege, helsestasjon eller andre instanser.

Ein kan be om hjelp om ein har lettare psykiske utfordringar, kortvarige psykiske vanskar, langvarige og sammensatte psykiske utfordringar eller rusutfordringar.

Tenesta tilbyr veiledning, støttesamtalar og kognitiv terapi med spesialsjukepleiar psykisk helse.
Miljøterapeut kan tilby hjelp i forhold til rusutfordringar.
Tenesta har eit arbeid/aktivitetstilbod 3 dagar per veke, og dagsentertilbod 3 dagar per veke.
Miljøarbeidar kan tilby tiltak i heimen

Les meir psykisk helse -og rus tenesta.

 

PPT- Etne og Vindafjord

Kontaktinformasjon

Opningstid: kl. 08.00-15.30

Telefon: 53 65 57 10

Besøksadresse: PPT – Etne og Vindafjord, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse: PPT – Etne og Vindafjord, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

 

Omtale

PP tenesta kan hjelpe med  

  • Lærevanskar, t.d. lese/skrivevanskar og matematikkvanskar
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Vanskar knytta til merksemd og konsentrasjon
  • Psykososiale vanskar
  • Synsvanskar
  • Høyrevanskar
  • Motoriske vanskar
  • Mobbeproblematikk

PPT sine mest brukte arbeidsmåtar

  • Utgreiing, testing
  • Tilråding om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp
  • Rettleiing til kommunalt tilsette o.a.
  • Rettleiing til foreldre
  • Vidaretilvising til 2. og 3.linjeteneste, td. BUP og Statped

 Les meir om PPT-Etne og Vindafjord.

Etne og Vindafjord barnevernteneste

Kontaktinformasjon

Opningstid: kl. 08.00-15.30

Telefon:  53655602

Mottakstelefon for bekymringsmeldingar i kontortida hos Etne Vindafjord barnevernteneste i arbeidstida : 90 24 63 59
Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111).

Besøksadresse: Etne og Vindafjord barnevernteneste, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse: Etne og Vindafjord barnevernteneste, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Omtale
Barneverntesta skal sikre born og unge naudsynt hjelp, omsorg og tryggje oppvekstvilkår om dei lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling. Born og unge frå 0-18 år og deira familier får tenester hjå Barnevernet. Hjelpetiltak kan verte oppretthaldt inntil bornet har fyllt 23 år, om bornet samtykkjer.
 Barneverntenesta kontaktar du ved
  • Utfordringar i foreldrerolla, eller samspelsvanskar i familien
  • Barn og unge med åtferdsvanskar eller emosjonelle vanskar
  • Barn og/eller foreldre som har rusproblem
  • Familiar med lite nettverk
  • Barn med psykisk sjuke foreldre
  • Omsorgssvikt/mishandling, vald i heimen eller seksuelle overgrep/incest
  • Kriminalitet

Barneverntenesta sine tiltak er blant anna

  • Foreldrerettleiing
  • Miljøarbeidar eller miljøterapeut i heimen
  • Besøksheim, støttekontakt eller anna avlastning
  • Økonomisk støtte
  • Fosterheim som hjelpetiltak
  • Ansvarsgrupper/ koordineringsansvar
  • Vidare tilvisning til: BUP, BUF-etat, Familievernkontor mv.

Les meir om Etne og Vindafjord barnevernteneste.

SLT Koordinator i kommunane Etne og Vindafjord

Kontaktinformasjon

Opningstid: kl 0800-1530

Telefon: 91779235

Besøksadresse: Tinghuset i Etne og Rådhuset i Vindafjord

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

 

Omtale

SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak. Målet er at kommunens barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av et hjelpeapparat som samarbeida godt på tvers av einingar og faggrupper. SLT modellen skal sikra at ressursane som allereie finnes hjå kommune og politi, blir meir samkøyrd og målretta.

Tiltak

SLT arbeidet i kommunen er organisert i ein SLT-handlingsplan. Den blir rulert kvart 2. år.

Barn og unge som pårørande

Kontaktinformasjon

Kontaktperson barn som pårørande: Elin Grindheim Hovda, leiande helsesjukepleiar

Opningstid: kl. 09.00-15.00

Telefon: 53758108

Besøksadresse: Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Omtale

  • Når nokon i familien har helseutfordringar, og familien snakkar om sjukdomen, skaden eller avhengigheiten er det lettare for barn og unge og meistre det som skjer.
  • Foreldre, barn og unge kan få nokon å snakke med utifrå alder og modning. Det skal brukast ord barnet kan forstå. Barnet skal bli lytta til og få  hjelp til å setje ord på sine eigne opplevingar og reaksjonar. Me skal gi rom for ulike kjensler og ha  respekt for om barnet ikkje ønskjer å snakke om situasjonen. Me kan og gi rettleiing korleis de som foreldre /føresette kan møte barnet sjølv med informasjon og samtale.
  • Det kan vere lurt å snakke med nokon.

For meir info sjå: helsenorge.no eller kontakt helsestasjon eller helsesjukepleiar på skulen din.

Koordinerande eining

Kontaktinformasjon

Opningstid: 09.00-15.00

Telefon: 53758000

Besøksadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

 

Omtale

Kommunen har ei koordinerande eining for rehabilitering og habilitering. Koordinerande eining tek i mot melding om behov for rehabilitering og habilitering og har ei oversikt over aktuelle tenester i kommunen. Koordinerande eining oppnevnar  koordinator for pasient/brukar med behov for langvarig og koordinerte helse- og omsorgstenester. Ein koordinator vil og ta initiativ til individuell plan om det er ønskeleg.

Les meir om koordinerande eining.

 

Fysisk og psykisk funksjonshemning

Kontaktinformasjon

Opningstid: 09.00-15.00

Telefon: 53758000

Besøksadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Postadresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne

 

Omtale

Kommunen har tenester for å støtte personar med fysisk og-eller psykisk utviklingshemning og deira pårørande.

Det kan vera opplæring til å mestre daglege gjeremål, praktisk hjelp i kvardagen, nødvendig helsehjelp, ivareta sosiale behov og støtte til pårørande.

Les meir om fysisk og psykisk funksjonshemning.