Bli z logo Korleis du som tilsett skal gå fram dersom du er uroleg for eit barn, ein ungdom eller ein familie

Bli Z-samhandlingsmodell fokuserer på at tilsette skal bli gode på å sjå og følgja opp barn, unge og familiar ein er uroleg for. Modellen byggjer på den nasjonale satsinga for Betre Tverrfagleg innsats (BTI), med lokale tilpassingar for Etne kommune.

Det er ulike situasjonar og symptom hjå barn, unge og familiar som gjev grunnlag for uro. Er du som tilsett/fagperson uroleg, er du pålagt å følgja dette opp for å sikra at dei det gjeld får den støtta og hjelpa dei treng.  Bli Z-rettleiaren  gjev deg informasjon og hjelp for å sikra rett framgangsmåte i situasjonen du står i.

Alle barn og unge har rett til eit godt barnehage- og skulemiljø. jfr Oppl.lova kap 9a .

Dersom barnet/ungdommen har føresette eller sysken som er alvorleg sjuke, eller døyr har kommunen sitt helsepersonell ei plikt som skal sikra at barna får den informasjonen og støtta dei treng.  jfr. helsepersonell lova kap 2, §10a og b. Les meir om kontaktperson barn som pårørande.

Dersom den det gjeld har kjende helserelaterte utfordringar og får oppfølging av fleire helsetenester, kan det vera aktuelt med koordinator og individuell plan. Les meir om koordinerande eining

Les meir om Tenester for barn, ungdom og familiar i Etne kommune.

Har du behov for ytterligare opplæring i bruk av Bli Z samhandlingsmodell ta kontakt med din leiar.