1. Samhandling rundt eit barn, elev eller ungdom
Fagpersonar innan oppvekst, helse og andre hjelpetenester som arbeider med barn, unge og familiar
Bli Z-møte
Når det er avdekka behov for tiltak rundt eit barn, elev eller ungdom, kallar stafetthaldar inn til Bli Z-møte. Stafetthaldar er som regel frå barnehage, skule eller helsestasjon men kan der det er føremålstenleg vera frå PPT eller barnevern. Tiltak som blir sett i gang vert registrerte og evaluerte i ein stafettlogg. Stafetthaldar har ansvar for denne registreringa. Barnet/føresette har tilgang til stafettloggen og kan gje andre involverte partar tilgang etter samtykke. Les meir om stafettlogg.
Tverrfagleg konsultasjonsmøte
Dersom det er behov for å avklara om det er andre aktørar som er aktuelle inn i samarbeidet, inviterer stafetthaldar, føresette og barnet seg inn til eit tverrfagleg konsultasjonsmøte. Dette er ei fast gruppe som møtest regelmessig i kvar barnehage/skule med representantar frå barnehage/skule, PPT, Barnevern, Helsesjukepleiar, politikontakt (skule) og SLT koordinator (skule). I møte legg ein fram saka og dei ulike aktørane legg fram korleis dei kan bidra.
Møtefrekvens 1 gang i månaden i kvar barnehage /skule. X kallar inn og leiar møta.
Ansvarsgruppemøte
For barn, elevar, ungdom eller vaksne med behov for langvarige og koordinerte tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, skal kommunen tilby koordinator. jfr. helse og omsorgstenesteloven §7-2. Koordinator kallar inn til ansvarsgruppemøte. Etter ynskje frå den det gjeld deltek aktuelle tenesteutøvarar på møta. Koordinator leiar møta og er også ansvarleg for å tilby og følgje opp individuell plan. Les meir om Koordinerande eining.