Bli z logo Treng du hjelp? Eller lurer du på om andre treng hjelp?

Det er vaksne i kommunen du kan snakka med om det du er uroleg for, tankar, kjensler og trivsel anten det gjeld deg sjølv, vener eller familien. Om du har god kontakt med ein vaksen, kan han eller ho hjelpa deg eller finna rett person i kommunen du kan snakka med. Alle som arbeider med barn og unge har teieplikt. Det vil seia at det du fortel ikkje vert sagt til nokon andre utan at du veit kven som får informasjon og kva informasjon som blir gitt.

Me vil gjerne at du kontaktar helsestasjon/skulehelsetenesta ved å ringe 53758108. Du kan også be om at me kontaktar deg ved å sende sms til 48892022 eller mail elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no.

Dersom du eller den du er uroleg for har føresette eller sysken som er alvorleg sjuke, eller døyr har kommunen sitt helsepersonell ei plikt som skal sikra at borna får den informasjonen og støtta dei treng.  jfr. helsepersonell lova kap 2, §10a og b. Les meir om kontaktperson barn som pårørande.

Du kan også snakke med nokon på alarmtelefonen for born og unge tlf: 116111 Les meir om alarmtelefonen for barn og unge. Les meir om Tenester for barn, ungdom og familar i Etne kommune.